Førebur seg på å ta imot 2000 menneske

Alexander Dale Oen vert gravlagt i heimkommunen.
Alexander Dale Oen vert gravlagt i heimkommunen. Foto: Knut Strand

Direkteoverføring til Kollsneshallen frå Blomvåg kyrkje gjer at Øygarden kommune kan ta imot 2000 til gravferda til Alexander Dale Oen.

Publisert: 08.05.2012 kl. 07:35 , endret: 31.05.2012 kl. 13:48

Av: Jørn-Arne Tomasgard

Les alle sakene om Alexander Dale Oens dødsfall her.

Blomvåg kyrkje tek berre 300 menneske. Desse plassane vert prioritert til familie, venner, naboar, idrettskollegaer nasjonalt og internasjonalt og representantar frå det offisielle Noreg.

Symjeverdsmeisteren som døydde så tragisk av hjartestans under treningsleir i Flagstaff i USA for ei veke sidan, vert gravlagt frå Blomvåg kyrkje i Øygarden fredag 11. mai klokka 12.00 til gravplassen i Blomvåg. Seremonien vert avslutta på gravplassen cirka klokka 14.30. Forrettande prest er Svenn Martinsen.

Mykje folk frå Oslo

Ordførar Otto Harkestad seier han trur det kjem mykje folk.

- Vi har fått beskjed om at det kjem 60–70 stykke frå idrettsmiljøet i Oslo, då tenkjer eg på symjemiljøet og Olympiatoppen. Heile troppen som var i Flagstaff, vert til stades. Det vert representantar frå Bergen kommune og symjemiljøet i Bergen. Tek vi med familie, vener og naboar, tenkjer eg kyrkja byrjar å fyllast. Vi anar ikkje kor mange som kjem, men vi planlegg for 2000 menneske under tak. Det er halvparten av folketalet i Øygarden, og etter stemninga i kommunen å døme, blir det stor tilstrøyming, seier ordføraren.

For dei tilreisande vert det samling etter gravferda i kulturhuset på Rong.

Det er kommunen som arrangerer gravferda for sin største idrettshelt.

Går 10–15 minutt med båra

Statoil i Øygarden har stilt Kollsneshallen til disposisjon, og gravferdsseremonien vert direkte TV-overført frå Blomvåg kyrkje til hallen. I hallen vil det også vere eige program med musikkinnslag. Prosten i området leiar arrangementet i hallen.

Dei som er i hallen, kan ikkje forflyttast til gravplassen. Det vert difor også overføring frå gravplassen.

Harkestad opplyser til Bergens Tidende at NRK skal sørgje for TV-bileta.

- I forståing med familien har vi inngått eit samarbeid med NRK. Dei leverer bilete til alle som ønskjer, seier Harkestad.

Dale Oen skal gravleggjast på den nye gravplassen, som ligg 10–15 minutts gonge frå kyrkja. Båra vil bli frakta til fots frå kyrkja til gravplassen.

Ordføraren har enno ikkje fått melding om kven som kjem frå regjeringa, eller om det kjem nokon.

Han seier at dei som ønskjer å sende blomar til gravferda, sender dei til kyrkja.

Kommentarer

Dette er en arena for å komme med synspunkter, argumenter og informasjon. Vi forventer en saklig debatt og aksepterer ikke:

  • - Bannskap og upassende kjønnsuttrykk
  • - Utskjelling av debattmotstandere, enkeltpersoner eller grupper
  • - Injurierende beskyldninger eller udokumenterbare påstander om forhold som enten er straffbare eller sterkt belastende.
  • - Rasistiske utsagn.
  • Brudd på disse reglene samt falske profiler blir utestengt fra vårt debattforum.
  • Debatten er åpen fra 07.00 til 00.00 på hverdager og fra 09.00 til 00.00 i helgene.

Eliteserien fotball

Fotball - homofobiens siste skanse

KRONIKK: «Norsk toppfotball er mer lukket enn kirken,» skriver den homofile Brann-supporteren Gjert Moldestad.

Les mer

Holdt løftet - gikk til Ålesund

Spaserturen fra Bergen tok seks dager.

Les mer

Ute resten
av sesongen

Jason Morrison har fått påvist blodpropp i lungene.

Les mer

Langrenn

- Skandale

Jarle Aabø mener at Coop bør trekke seg fra avtalen.

Les mer

- Kanskje jeg blir selger her

Petter Northug jr. om hvordan det blir å samarbeide med Coop framover. Se video!

Les mer

Northug: - Motiverende for meg

Varlser få endringer i treningen med ny sponsor på plass.

Les mer

Ishockey

Blir i Oilers

Storscorer Martin Strandfeldt gjør Oilers-fansen lettet: Han blir.

Les mer

Skiskyting

Kommunen feller trær for Blinkfestivalen

Setter ny deltakerrekord i skiskytterklassene.

Les mer

Utsatt sesong-
oppkjøring

Johannes Thingnes Bø brakk kragebeinet på sykkeltur.

Les mer

- Langrenn når ikke langt ut over Svinesund

Swix vraker langrenn, går over til skiskyting.

Les mer